Oppjustert kornavling

Tresking ved Leksdalsvatnet i slutten av september 2020.

Tresking ved Leksdalsvatnet i slutten av september 2020.

Avlinga av korn, erter og oljefrø ser ut til å bli like stor som i fjor, viser prognosen frå Norske Felleskjøp, som er oppjustert 2,6% siden september.

Norske Felleskjøp har oppdatert prognosen for tilgang og forbruk av norsk korn og proteinråvarer. Denne følgjer vedlagt.

 

Prognosen viser at tilgangen av norske råvarer til matmjøl og kraftfôr er lik tilgangen i fjorårssesongen. Det er likevel mindre tilgang av fôrkveite – 138 000 tonn – og mindre tilgang av haustkveite til mat – 54 000 tonn. Tilgangen av bygg er 66 000 tonn større enn i fjor og tilgangen av havre er 76 000 tonn større enn i fjor.

 

Tilgangen av matkveite er i svært stor grad konsentrert om dei sterkaste og dei svakaste glutenprofilane (klasse 1 og klasse 5). Det er liten tilgang av matkveite i klasse 2 – 4. Dette er ein situasjon som er ulik det som har vore vanleg. Både klasse 1 og klasse 5 er svært dominert av ein sort i kvar klasse, som har gitt gode resultat for dyrkarane. Kvalitetsmessig gir Mirakel i klasse 1 ei god råvare, medan Ozon i klasse 5 har synt seg å vere vanskeleg å bruke. Det store kvantumet i klasse 1 gjer det sannsynleg at vi vil ha eit overskott av denne etter sesongen. For klasse 5 er situasjonen at forbruket blir svært lågt.

 

Forbruket av matkveite er påverka av koronapandemien både i den førre og i den inneverande sesongen. Meir heimebaking har flytta ein del av etterspørselen frå industrimjøl til butikkmjøl. Kveitemjølet vi kjøper i butikk inneheld mindre matkveite i klasse 1, på grunn av at heimebakaren ikkje har dei same krava til kveitemjølet som industribakaren. Og på grunn av at matkveite i klasse 1 er dyrare enn matkveite i klasse 5.

 

Godt vêr under innhaustinga har gitt god kvalitet på havren, og det blir vurdert å vere mogleg å forsyne den norske marknaden med all nødvendig grynhavre, bortsett frå av økologisk kvalitet, der arealet er for lågt.

 

Forbruket av kraftfôr er justert ned, først og fremst på grunn av god tilgang til rikeleg og godt grovfôr sønnafjells, men også av marknadstilpassinga for mjølk og kjøtt. 

 

Kalender

9.00-15.45 21. januar 2021

Digitalt møte

Siste nytt

Avlinga av korn, erter og oljefrø ser ut til å bli like stor som i fjor, viser prognosen frå Norske Felleskjøp, som er oppjustert 2,6% siden september.

- Det er lite DON i hvete, litt i havre, og flest høye verdier i havre i Trøndelag, sier Marte Narvestad, fagkonsulent markedsregulering i Norske Felleskjøp.

Norske Felleskjøp gjev kompensasjon for omdisponering av eit overskot av 8 734 tonn matkveite klasse 5 til fôr.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.