Kornavlinga kan bli god i år

Rådgiver i kornåker

Prognosen byggjer på estimat frå Norsk Landbruksrådgiving

Norske Felleskjøp reknar med at den norske kornavlinga kan bli god. Første prognose på 1,282 millionar tonn korn, erter og oljefrø er 3,4% over gjennomsnittet av avlingane i perioden 2014-2017.

Vedlagt følgjer den første prognosen for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2019/2020. Prognosen for tilgang er basert på estimat av areal og avling pr. dekar.

Prognosen tilseier god tilgang av norsk korn og proteinvekstar; 3,4 prosent over gjennomsnittet av avlingane i perioden 2014-2017. Da er ikkje det svært dårlege året i fjor, med omlag halv avling på grunn av tørken, rekna med.

Behovet for å importere kornråvarer blir difor mindre enn vanleg. Andelen matkorn er sett med utgangspunkt i historiske data, men dette vil avhenge av at kornet kjem i hus i tide i vekene framover. Andelen hausta som matkorn er førebels usikker. Det er svært stor andel av kveiten som vart sådd i fjor (haustkveite) og det vil truleg bli overskott av desse sortane (klasse 4 og 5). Eventuelle overskott vil bli handtert gjennom marknadsreguleringa som overlagring til neste sesong eller som omdisponering til bruk i kraftfôr.

Forbruket av matkorn hos norske matmjølmøller går ned, særleg for matkveite. Også forbruket av kraftfôr går ned, men frå eit ekstra høgt nivå i 2018/2019.

 

Kalender

9.00-15.40 21. januar 2020

Oslo Kongressenter 

Siste nytt

Hvordan produseres soya som brukes i norsk kraftfôr?

Norske Felleskjøp har fordelt tilbod om priskompensasjon for omdisponering av matkveite klasse 5 etter sesongen 2019 til bruk i fôr.

Norske Felleskjøp justerer basispriser på matkveite og bygg for å sikre uttak av avtalt målpris i jordbruksforhandlingene.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.