Meir korn hos bøndene enn forventa

Kornmottaket på Stange måtte mellomlagre korn ute ein periode i høst.

Kornmottaket på Stange måtte mellomlagre korn ute ein periode i høst. I tillegg har lagra heime hos bøndene vore fulle.

Leveransane av korn har vore rekordstore i januar og februar, og prognosen for tilgang av norsk korn har auka med 44 000 tonn korn i forhold til prognosen av 19. november.

Norske Felleskjøp har oppdatert tilgangs- og forbrukstala for korn i sesongen 2015/2016. Prognosen er gitt som underlag for å vurdere tiltak for å balansere marknadane for matkorn og råvarer til kraftfôr.

Tilgangsprognosen byggjer på kvantum korn som er avrekna for landet til og med februar jamført med status på tilsvarande tidspunkt tidlegare år. 

Rekordlevering

Det er ikkje tidlegare registrert så store innkjøp av korn i januar som i år. Pr. veke 10 er det avrekna  264 000 tonn i januar mot 203 000 tonn på same tidspunkt i fjor. Også innkjøp i februar ser ut til å bli rekordstort: Ved utgangen av februar er det registrert avrekna 85 000 tonn mot 46 000 tonn i fjor. Føresetnaden i novemberprognosen om at det ikkje ville vere vesentleg meir korn på lager hos bonden enn i 2014/2015, har dermed ikkje halde stikk. Figuren under illustrerer forventa kvantum og andel av total som ikkje var avrekna pr. 31.10.2015:

Korn i alt lagra hos bonde 2015/2016

Etter prognosen gjenstår kjøp av om lag 6-7 % av 2015-kornet. Dette gir den tredje største korntilgangen til industrien på 20 år; på nivå med dei gode åra 2004 og 2008:

Tilgangen av korn-, olje- og proteinvekstar

Korrigert for redusert areal i bruk til kornproduksjon, blir fjorårets avling svært god, særleg for kveite og rug der innslaget av haustkorn har slått positivt ut:

Avlingsnivå i kg pr dekar 2001 - 2015 (prognose)

Sjå også vedlagt prognose: 

Kalender

8.00-16.00 14. november 2019

Norske Felleskjøp, Oslo

9.03-15.30 21. januar 2020

Siste nytt

Priskurva for basispris på oljefrø vert endra frå i dag for å sikre gjennomsnittspris for oljefrø i tråd med målpris.

Med årets gode kornavling kan 2 av 3 korn i sesongens brød være norske. Eller du kan velge å bake med bare norsk mel med det nye produktet fra Møllerens!

Norske Felleskjøp har i dag fordelt tilbod om priskompensasjon for omdisponering av matkveite klasse 5 etter sesongen 2019 til bruk i fôr. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.