Havre og oljefrø ned, hvete og bygg opp

Norske Felleskjøp har endra prognosen for basisprisar på korn og oljefrø frå desember for å treffe målpris. Prisen på havre og oljefrø vert redusert, medan hvete og bygg vert heva.

19. juni i år publiserte Norske Felleskjøp første sesongprognose for basisprisar ved prisnoteringsanlegga i sesongen 2018/2019. Prognosen vart revidert medio september.

Vi har i dag bestemt å endre dei prognoserte basisprisane med basis i novemberprognosen sine tal for forventa tilgang. Formålet er å legge til rette for uttak av prisar på korn i samsvar med målprisane.

Følgjande endringar blir gjort:

  • Basispris for havre blir redusert frå veke 49 og slik at høgaste pris i sesongen blir redusert med 2 øre pr. kg.
  • Basispris for oljefrø vert redusert med 5 øre pr. kg frå veke 49.
  • Basispris for bygg blir heva frå veke 50 og slik at høgaste pris blir auka med 4 øre pr kg.
  • Basispris for matkveite blir heva frå veke 51 med 1 øre pr kg.

Sjå oppdatert pristabell

Kalender

9.00-15.40 21. januar 2020

Oslo Kongressenter 

Siste nytt

Kornavlingene i 2019 blir 1,27 millioner tonn. Det viser en ny kornprognose fra Norske Felleskjøp. 

- Regjeringen bør gjøre grundigere vurderinger om matberedskap enn det som ble gjort idet nylig framlagte statsbudsjettet, sa Eli Reistad i en høring i Stortinget i dag.

Priskurva for basispris på oljefrø vert endra frå i dag for å sikre gjennomsnittspris for oljefrø i tråd med målpris.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.