Høgare kornavling enn venta

- Kornavlingene ser ut til å bli dei beste på ti år, etter at tilgangen er justert opp litt frå august, melder Norske Felleskjøp.

Norske Felleskjøp har oppdatert prognosen frå 13. august. Det er innhenta oppdaterte anslag for avling pr. dekar frå Norsk landbruksrådgiving. Arealprognosen er justert forsiktig for endra estimat for omsådd haustkorn. Prognosane for forbruk av matkorn og fôrkorn er oppdatert. 

Prognosane viser at forventa tilgang er justert opp litt; med 28 000 tonn sidan august. Auken er i alt vesentleg for kveite, medan dei andre kornslaga er justert i mindre grad. Forbruket av kraftfôr er prognosert litt ned. På grunn av nedjustert forventa andel matkorn i kveiten, er behovet for reguleringstiltak redusert frå 94 000 tonn i august til 60 000 tonn. Av dette er 51 000 tonn føresett omdisponert til fôr, medan 9 000 tonn vil bli vurdert overlagra. Desse tala gjeld for sesongen samla og vil førebels vere usikre. 

Norske Felleskjøp vil i løpet av veka vurdere kor stor andel av estimert overskott av klasse 5 som bør leggast ut for tilbod med bakgrunn i denne prognosen.

Kalender

8.00-16.00 14. november 2019

Norske Felleskjøp, Oslo

9.03-15.30 21. januar 2020

Siste nytt

- En streik i Felleskjøpet trumfer mottaksplikten og forsyningsplikten på korn. Det er force majeure – en ekstraordinær hendelse vi ikke har kontroll over, sier Eli Reistad, adm.dir i Norske Felleskjøp. 

- Kornavlingene ser ut til å bli dei beste på ti år, etter at tilgangen er justert opp litt frå august, melder Norske Felleskjøp.

Omsetningsrådet har i dag vedteke at omsetningsavgifta for korn i sesongen 2019/2020 skal vere 4 øre pr. kg.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.