25. juni 2019
I siste kornsesong var omsetningsavgifta eit øre pr kilo korn.
Omsetningsrådet har 21. juni innstilt overfor Landbruks- og matdepartementet at den maksimale omsetningsavgifta som kan bli fastsett for sesongen 2019/2020 skal vere 5,5 øre. Satsen er i samsvar med forslag frå Norske Felleskjøp og skal kunne finansiere kostnadane med overskott av korn også i ein ekstraordinært vanskeleg situasjon.
Den endelege satsen vert bestemt av Omsetningsrådet i august på basis av den første prognosen for tilgang og forbruk i sesongen 2019/2020. Endeleg sats har dei siste ti åra variert mellom 0 og 4 øre pr. kg korn – i gjennomsnitt 2 øre.
Omsetningsavgiften i perioden 2001-2019 har variert mellom 0 og 4,5 øre.
Norske Felleskjøp blir avvikla som eige selskap og aktivitetane lagt til Felleskjøpet Agri SA, som er produsentsamvirket for korn.
Matkveite vert heva med 1 øre medan bygg og havre vert redusert med 2 øre pr kg frå nyttår i prisprognosen frå Norske Felleskjøp.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.